Full fart med AaFK Fortuna!
Haustferien er vel overstått, noko som betyr at ekstratiltaka i samarbeidsklubbane er i gang for fullt. I helga vart det gjennomført 10 økter, i 8 ulike klubbar. SunnmørsAkademiet
Preben Torvanger i gang!
Fredag var Preben Torvanger frå AaFK Fortuna på ekstratiltak for første gong, på fredagsøkta til Sykkylven. Der var det høg aktivitet og flott engasjement i bitande kulde, med barn i alderen 8-12 år.
Stort engasjement på fredagsøkta
Gjennom året har Sykkylven kjørt jamnlege økter, med godt oppmøte. Den aller ivrigaste i år har vore Lily Bakke Pailing. På grunn av god tilstedeværelse på økter og stabilt oppmøte gjennom året fekk ho tildelt ei signert Karlsbakk-trøye i tillegg til FIFA 23.
Skodje Jenter & AaFK Fortuna
Dobbelt opp på Skodje - ei fin og artig økt i herlig høstvær. Mette og Preben besøkte den ivrige jentegruppa som trener regelmessig på søndagar. Ein inspirert gjeng imponerte stort, og tok utfordringar på strak arm. Det er veldig kjekt for SunnmørsAkademiet å involvere profilar AaFK Fortuna på jentetiltaka i samarbeidsklubbane.
Det er givande å sjå aktiviteten hos samarbeidsklubbane i SunnmørsAkademiet, og innsatsen som blir lagt ned rundt øktene setter vi stor pris på.